Om bruddet og han som nesten vart avvist
Alkoholikarane i Akron var frå begynnelsen med som ekte Oxfordmedlemmer og dei vart hjertelig mottekne. Og alkoholiker-medlemmene aksepterte det religiøse regimet. I New York var det annerledes, Oxford-medlemmene var av den «etablerte» og «vellykka» klassen, og alkoholikarane var lite interessert i Oxford-programmet. Dei ville slutte å drikke og var fornøyd med det. Bill W. meinte (ovafor Oxford-bevegelsen) at dei burde vise nødvendig toleranse, men som Bill uttalte ein gong: «Oxfordgruppa ville frelse verden, mens me bare ville hjelpe drankerane.»
I New York kom det til brudd februar 1937, i Akron litt seinare. Frå «Writing the Big Book» av William H. Schaberg, side 135:
Litt meir enn tre år etter vart Bill pressa til å forklare nærmere om bruddet mellom New York-alkoholikerane og Oxford-gruppa. Han svarte med eit langt og gjennomtenkt brev der han tok for seg i detalj åtte grunnar som gjorde bruddet nødvendig. Disse grunnar kan oppsummerast slik:
- Den «aggresive evangeliseringa» i Oxfordgruppa.
- Deira sterke tilbørlighet til overdreven, personlig omtale og fortreffelighet
- Det uakseptable med ordet «absolutt» foran dydene ærlighet, renhet, uselviskhet og kjærlighet. (Fire dyder som Bill hevdet ble like godt etterlevd av alkoholikerane som enhver annen gruppering.)
- Den tilbøyelige hangen til å «guide andre» med tilhøyrande kontroll overfor dei som hadde fått «guidance» om den virkelig vart fulgt.
- Praksisen med å notere ned «guidance» i løpet av en stille stund som, iflg. Bill altfor ofte vart gjort til latter av nybegynnere som skrabla ned beskjeder frå Gud i notatbøkene sine.
- Det gikk opp for oss at der var forskjell på prinsippene for toleranse og kjærlighet, de var strengere blant oss enn i Oxfordgruppa, spesielt toleranse.
- Det kunne ikkje vere noko religiøst krav for medlemsskap i AA.
- Den type dogmatiske krav som Oxfordgruppa stilte, utelukket nødvendigvis katolikker til å bli AA-medlemmer.
Gitt alt dette, uttalte Bill:
«Eg er alltid glad for å kunne sei at nokre av Oxfordgruppas taler og understrekinger om det kristne budskap berga livet mitt. Likedan er det sant at andre holdninger i Oxfordgruppa nesten fekk meg til å drikke igjen og me oppdaga fort at når me skulle nærme oss nye alkoholikere så måtte slike holdninger kneblast om me skulle lukkast. Rehabilitering er eit spørsmål om liv eller død for alkoholikere flest, då vart det et valg om å ta i bruk det som fungerte og forkaste det som ikkje fungerte.
Beslutningen om å skilje lag med Oxfordgruppa er et av dei viktigaste vendepunkt i AAs historie som bidrog til et avgjerande steg vekk frå eksisterande organisasjoner eller trusoppfatningar. Som også førde til ein forpliktelse til å utvikle ein handlekraftig struktur med prinsipper som utviklet seg etter egne løysninger i staden for diktert ut frå ein spesiell doktrine. Omsider adskilt frå Oxfordgruppas struktur, læresetninger og kultur, kunne nå New York-alkoholikerane fritt lage sine egne kjørereglar og arbeidsmetoder basert på sin felles erfaring, ein prosess som utvikla seg over tid til det me kjenner i dag.
Mens forholdet til Oxfordgruppa knirka, så møttes AA-medlemmene på kafe etter Oxfordgruppa-møtet. Etter splittelsen så møttes dei heime hjå Bill (i Brooklyn) og når der ikkje var plass fekk dei seg møtelokale på Manhattan, ikkje langt frå Oxfordgruppa. Dei fant egne arbeidsmetodar og erfaringar etter kvart, ein av dei kjenner me frå 12+12 om han som hadde et «tilleggsproblem», så han visste ikkje om dei «ville ha han» som medlem. Denne episoden er utførlig beskriven på side 140 under overskrifta «A bigger tent». Bill var fremste talsmann for at ALLE skulle få vere med FORUTSATT at dei hadde et ærlig ynskje om å slutte å drikke.
Der er mange fortellinger om Bill Wilsons innsats for å åpne AA-dørene litt meir for kvart år. Et typisk eksempel oppsto i møtelokalet på Manhattan like etter slutten av 2. verdenskrig. På den tid vart besøkende ønska velkommen av et medlem i døra. Ein dag i 1945 så var det et relativt nytt medlem, Barry L., som tok i mot då det dukka opp ein høgst «uvanlig» person – ein neger, tidligare straffedømt, alkoholiker og narkoman. (Det var ingen negermedlemmer i NY på den tida). Han var uteliggjar, svolten og blakk. Han vedgjekk at han var homo, det kom ikkje overraskande på Barry ettersom fyren hadde langt, fyldig og bleika blondt hår på eine sida av ansiktet mens andre sida viste at han litt av ein ekspert med sminke.
Barry var nylig blitt edru og ikkje rede til å ta ansvaret med å sleppe han inn. Han tilkalte fleire av dei eldre medlemmene for å bestemme, men dette resulterte bare i høglytt diskusjon med små utsikter til ein beslutning. Til slutt fant Barry ein kopp kaffi til stakkaren og ringde Bill W. heime i Bedford Hills. (Som i dag er kjent som Stepping Stones). Han beskreiv det mulige, nye medlem i detalj for Bill og sa: «Me veit ikkje kva i all verden me skal gjere med han. Og han trenger all mulig hjelp.»
Etter ein kort tenkepause ber Bill om at Barry går gjennom alle problem- og motforestillinger ein gong til. Og Barry gjorde det.
«Ok, du sa at han er ein dranker?» sa Bill.
«Oh yes,» svarte Barry, «Ingen tvil om det. Han er uten tvil ein fyllik.»
Etter endå ein kort tenkepause fatta Bill sin beslutning og sa: «Eg trur det er det einaste spørsmålet me har nokon rett til å stille.»
Og Barry inviterte han inn.